Sider

søndag 24. august 2008

Hauge og Machado - sjelefrendar?

Kronikk av Elisabet Vallevik

«For meg er Antonio Machado diktaren», skreiv Olav H. Hauge. Den spanske diktaren Antonio Machado (1875–1939) – kanskje mest kjend i Noreg for tittelen til ei bok av biletkunstnaren Ferdinand Finne: «Veien blir til mens du går», henta frå ei verseline i eit av dikta hans – er ein av dei aller største, mest lesne og folkekjære spanske diktarane.

Han var fødd i Sevilla – «Min barndom er minne om ein patio i Sevilla, ein klar frukthage der sitrontreet mognar» – men budde det meste av sitt vaksne liv på høgsletta i innlandet Castilla, mellom anna fem år som fransklektor i den gamle kastiljanske byen Soria. Litteraturhistorisk tilhøyrer han den såkalla 98-generasjonen, som fekk namnet sitt etter det året då Spania miste dei siste oversjøiske koloniane sine – Cuba og Filippinane. Denne hendinga førde til ei oppvakning og krise i Spania, både politisk, sosialt og kulturelt, etter eit hundreår med vanstyre, stagnasjon og borgarkrigar. Det store spørsmålet vart: Kva er Spania? Kva bind oss saman, kva er verdigrunnlaget vi kviler på som nasjon? Denne sjølvransakinga fall saman med oppkoma av ein ny og uvanleg gåverik diktargenerasjon, med namn som Miguel de Unamuno, Pio
Baroja, Azorin, Valle-Inclan og altså Antonio Machado. Det som batt desse saman og gav dei eit felles generasjonsnamn, var nettopp Spania-spørsmålet. Dei nærma seg spørsmålet med stort alvor, og eitt av svara dei fann, kan, i stikkordsform, kallast Castilla. Castilla med det barske og strenge landskapet av endelause sletter, isnande kulde om vinteren og ei brennande sol om sumaren, eit hardført og nøysamt folkeferd. Det var her, framfor alt, at dei meinte å finna Spanias sjel. Antonio Machado identifiserer seg med, og syng om, dette landskapet. Antonio Machado døydde i eksil i Frankrike.

Til sengs med Machado

Olav H. Hauge (1908–1994) sette Antonio Machado høgt, det kan me lesa or dagbøkene hans. Frå Hauge tok til å interessera seg for spansk dikting i 1960-åra og fram til 1989, nemner han Machado elleve gonger. Den 21. april 1967 les han Machado i svensk omsetjing og seier mellom anna: «Gode, forneme dikt. Sprungne av hjarta, song og visjon. Streng form. Cezanne. Dette har vore ein gild dag. Til sengs, midt i vårvinna, med Machado!» 24. juli 1977 skriv han, m.a. «For meg er Machado diktaren». 17. februar 1979: «ENDELEG EIN SOM ER SAMD MED MEG ‘Good poets are sparing in the use of metaphors; but their metaphors at times are real creations.’ Machado.»

Har dei så noko sams som diktarar,desse to?

Tematisk kan ein finna ei rekkje parallellar – allusjonar til det private, til barndomsminne, til ungdomstid, til kjærleik, draum, sorg og tap. Dei er begge sterkt knytte til landskapet der dei bur, som i dikta ofte blir transformert til indre landskap, til sjelebilete. Machado i «Kastiljanske landskap»:

Der, i det høge landet
der Duero formar sin pilboge
rundt Soria, mellom blyfarga åsar
og flekker av sliten eikeskog,
flakkar mitt hjarta omkring, i draumar...

Hauge i «Du leitar»:

Som elvi i haustneter
leitar i regnmyrke
skogar og mumlar

i skodde og regn
under grønskiml og tros
og solsvidde bar, –
slik famlar ditt minne
i sine skuggeskogar
og leitar som elvi
ei haustnatt, til det finn att
halvgløymde far.

Ingen av dei to er framande for eksistensielle tema, og i desse to dikta er metaforbruken slåande lik. Machado:

Vandrar, dine fotefar
er vegen, og inkje anna
vandrar, det finst ingen veg,
vegen blir til medan du går.
Medan du går blir vegen til,
og når du ser deg attende
Ser du stigen du
aldri meir skal trå.

Vandrar, det finst ingen veg,
berre strime i havet.

Og Hauge («Din veg»):

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende
ut i det blå.
Dette er din veg.
Berre du

skal gå han. Og det er
uråd å snu.
Og ikkje vardar du vegen,

du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.

Felles dåm

Personleg tykkjer eg at dikta til Machado og Hauge har ein sams dåm over seg. Det er noko med den direkte tonen, den knappe uttrykksmåten, økonomiseringa med adjektiv... Bileta er ofte henta frå ein tradisjonelt mannleg sfære, det er med på å gje dikta ein mandig tone – eit preg av
virilitet. I dei to fylgjande dikta seier dei noko om tilhøvet sitt til diktekunsten ved å bruka bilete som sverd og pil og boge:

Machado i «Portrett»:

Er eg klassikar eller romantikar? Eg veit ikkje. Mine vers ville eg etterlata
slik hærføraren forlèt sitt sverd:
navnkunnigt for den mandige hand som svinga det,
ikkje omtykt for smedens dyktige handverk.

Hauge i «Akestes»:

Pili til fyrstemann dirrar i masti,
snori er avskoti, og den bundne duva
som letta på flog, er dotti
for ei visshøv pil.
Likevel spenner du bogen, du gråhærde Akestes, du må,
vågar det skotet, den pili –

Den rådande retninga i spansk lyrikk på tida til 98-generasjonen var modernismen. Den spanske modernismen var sterkt påverka av latinamerikansk modernisme (Ruben Dario) og fransk symbolisme og fekk i ettertid mykje å seia for spansk dikting. Typisk for denne retninga var ei
søkjing etter det aristokratiske, estetiske, eksotiske og subjektive. Ho lét seg påverka av andre kunstformer som musikk og skulptur og hadde som ideal det sanseleg vakre og «kunst for kunsten si skuld». Ho forkasta det kvardagslege og jordnære. Antonio Machado var nok påverka
av modernismen, men han tok òg klar avstand frå det kunstsynet som rådde der. Han var svært oppteken av den spanske røyndomen han hadde rundt seg, av det spanske folket og deira lagnad og av naturen på det kastiljanske slettelandet, på lik line med dei andre i 98-generasjonen. Sjølv
seier han: «Eg tenkte at det poetiske element ikkje låg i den lydlege kvaliteten til ordet og heller ikkje i fargen eller i lina eller i ei samling sanseinntrykk, men i ei djup sjeleleg rørsle.» Diktet skal korkje vera pynt eller logisk tanke, men gripa augneblinken:

Ikkje hard og evig marmor
ikkje musikk eller måleri

men ord i tid.

Vel kjent er Olav H. Hauges ironiske blikk på sitt eige tilhøve til modernismen i «Gamal diktar prøver seg som modernist » – han med ville prøva «desse nye styltrone».

Var Hauge samd med Machado i synet på modernismen?

Hauge var i alle høve ikkje redd for å dikta om det kvardagslege og det han hadde rundt seg. Han seier i «Eg har tri dikt»:

Eit godt dikt
skal lukta av te.
Eller av rå
mold og nykløyvd ved.
Røtene


Den meiningsberande funksjonen til ordet synest vera den viktigaste for han. I diktet «Bøn» heiter det:

Opn mine augo, Herre,
so eg kan betre sjå
underet, ikkje berre avglansen utanpå.

Som versemål kunne både Hauge og Machado nytta tradisjonelle strofeformer med røter langt attende i folkeleg tradisjon, Hauge ned sine folkeviseliknande strofer; Machado bruka romansen (balladen), som på si side har røter i dei gamle spanske heltedikta. Men begge bruka òg gjerne sonetten – denne klassiske diktforma som med dei strenge formkrava sine gjerne blir sedd på som den mest krevjande. At Hauge las Machado, har me eit vakkert uttrykk for i diktet «Snø i Castilla»:

I Castilla helsar dei snøen like velkomen
som me helsar aldeblomen um våren.

Difor syng Machado so vakkert um snø,
snø på Castillas solbrende rustraude berg!
Ein skugge søv under snøen på oljegreinene,
eg kjem i hug hagane heime
som ofte vert skadde av frost.

I diktet «Snø i Castilla» fører Olav H. Hauge saman dei to heimane sine, heimstaden i Ulvik med dikting og aldehagar og den store bokheimen, verdslitteraturen. I dagbøkene seier han det sjølv slik: «Økland segjer eg lever i Ulvik, i dikti mine. Eg lever no berre halvveges der, den andre heimen har vore i litteraturen» (12. april 1989). Kanskje kan diktet «Snø i Castilla» symbolisera
eit heilt levd liv?

Elisabet Vallevik er tidlegare spansklektor

Ingen kommentarer: