Sider

onsdag 1. oktober 2008

Poeten Robert Bly (f. 1926) og Noreg

Bly sitt spesielle forhold til Noreg går langt attende. Namnet Bly er ei amerikanisering av Bleie i Hardanger. Tippoldefaren utvandra til USA i 1885.
I Madison, Minnesota fekk Jacob Thomas Bly og Alice Aws Bly sonen Robert den 23. desember i 1926. Han kom sjølv til Noreg for første gong i 1956/57 som Fullbright-stipendiat. Han har seinare vitja Noreg mange gonger og dette har nedfelt seg dikta, mellom anna som dikt til Olav H. Hauge, i titlar som «I ei fjellhytte i Noreg», og ikkje minst gjennom omsetjing av norske poetar som Hauge, Rolf Jacobsen, og ei prislønt omsetjing av Sult av Hamsun.
I forordet til den førre Bly-utgåva på norsk, som Samlaget gav ut i 1972, skreiv diktaren: «Og dersom det er slik at dikt blir skrivne når alle delar av oss sjølve, urgamle og moderne, dyreaktige og menneskelege, lågare og høgare, er samla, så er kanskje dikta mine skrivne av det sjølvet i meg som er norsk.» Og på telefon frå Minneapolis seier Bly at han kjenner det som om dikta om faren i samlinga Meditasjonar over den umettelege sjela har noko norsk over seg. At det kan skuldast at far hans var svært «norsk».

Kilde: www.dagbladet.no/kultur/

Ingen kommentarer: