Sider

onsdag 1. oktober 2008

Oddbjørn Aardalen til topps som månedens poet - Diktbasen - i august

MÅNEDENS POET (august 2008): Oddbjørn Aardalen har gått helt til topps med «Postludium», et dikt Helge Torvund mener fanger oss opp, drar oss ned til jorda og det konkrete, og sender oss så avgarde igjen med mange mulige tanker og følelser.
Ny deodorant inspirerte diktet, men ellers får Oddbjørn Aardalen ofte ideer når han er ute i skogen. Sammen med Takravn er han Månedens poet på Diktkammeret.

FAKTA:

Postludium

Ved inngangen til gravlunden
sit ein dau mann
ein Nokia N95
i venstrehanda

eg gjeng så nær
at eg høyrer den dempa musikken

eg kjenner ikkje melodien
men ei søtleg lukt av Sergio Tacchini
blandar seg med augustkvelden
si dose av kaprifol

han har eit ferskt persilleblad
i knappholet
og ser lukkeleg ut

Av Oddbjørn Aardalen


Framme av Takravn (deler 1. plassen med Aardalen)

huskonturen
og nattehimmelen ruver
han blir sittende
i bilmørket
i den prikkende
stillheten

han pakker ut stiene
stien fra trappa
til tørkestativet
til seljekrattet
ternekolonien
steinringen

han vikler ut
sistelinja
fra toyotaen
til metalltrappa

strammer

Av Takravn (Elin Rose Myrvoll)

Etter å ha diskutert enda litt mer og deretter konsultert diktlærer Helge Torvund, kom vi fram til at dette var en gyllen anledning til å hedre ikke bare én, men to verdige poeter. Dobbel glede altså. Våre to augustvinnere på Diktkammeret er Takravn, som egentlig heter Elin Rose Myrvoll, og Oddbjørn Aardalen. Vi har dessverre ikke klart å komme i kontakt med Takravn, som sist var i månedsfinalen i januar, men Oddbjørn Aardalen stiller villig opp på intervju.

Diktbasen intervjuer Oddbjørn Aardalen

Oddbjørn skriver ikke etter noe bestemt mønster, mest etter innfallsmetoden. Et av sønnens innkjøp inspirerte «Postludium».

- Når eg skriv dikt er det ofte ei eller anna registrering som løyser det heile ut. Det kan vere ein spesiell fuglelyd, det kan vere ei marihøne som kjem og set seg på handa mi. Eller det kan vere som i dette høvet at son min har kjøpt ny deodorant: Sergio Tacchini, med ein heilt spesiell lukt. Det var dette som var utgongspunktet denne gongen. Så kom resten av diktet sånn litt etter kvart, forteller Oddbjørn.

Mesteparten av skrivinga, som går litt opp og ned i perioder, finner sted i andre etasje i det gamle våningshuset på gården der Oddbjørn bor.

- Huset er frå 1790 og gjev meg stadig inspirasjon. Det kviskrar i vegger og loftsgonger. Fortel om dei som har budd her før. Elles er skogen og molda og naturen den store inspirasjonskjelda. Eg bur i skogen, så skritta treng ikkje vere mange for å få inspirasjon. Eg helsar fru pinus, herr picea, frøken tilia og herr taxus mest kvar dag. Dei helsar att og spør korleis eg lever. Vi har alltid noko å snakke om. Og å teie om.

Et skrivende menneske
Andre forfattere er også til stor hjelp for skrivinga. Akkurat nå er det Olaf H. Hauge som opptar månedspoeten.

- Eg les mykje, og det er alltid spanande å vite at ein har mange bøker som ikkje er lest. Akkurat no held eg på med dagbøkene til Olaf H. Hauge; 5 bind på over 3000 sider. Utruleg interessant. Eg les både lyrikk og prosa og kunne nemne mange favorittforfattarar. Trur likevel eg vel å ikkje nemne namn, for det er så mange at det ville vere galt å utelukke nokon, mener Oddbjørn.

Han har skrevet dagbok siden 1953, da han var ni år gammel. Til våren skal notatene systematiseres.

- No som eg snart er pensjonist har eg planer om å ordne dette stoffet - samle det så å seie. Det er ei stor oppgåve, som eg førebels har eit noko avventande og respektfullt forhold til. Eg rekner meg for eit skrivande menneske. Er samfunnsinterresert og skriv mykje for aviser og tidsskrift. Eg har stor glede av skriving. Noko inne i meg kviler ekstra godt etter at orda har kome ned på papiret og ligg og ser på meg som setninger. No har me blitt til noko meiningsfyllt, seier orda.

To utgitte samlinger
Oddbjørn Aardalen har ikke bare skrevet dagbok, blitt publisert i aviser og tidsskrift og vært aktiv på Diktkammeret. Han har også gitt ut samlingene «Grønn resept» (2005) og «Å sjå med hjarta» (2006) på Setesdalforlaget.

Og fått musikk spesialskrevet til diktene sine:

- Ja, eg må også fortelje at eg fekk oppleve at 15 av dikta mine blei tonesett i vår av ein lokal musikar her i Vennesla. Det var ei stor oppleving å vere med på å høyre sine eigne dikt tonesette og med vakker song. Ein kan få gåsehud av mindre.

Poeten startet på Diktkammeret i 2003 og har vært mer eller mindre aktiv siden.

- Diktkammeret har betydd svært mykje for meg og for skrivinga mi. Eg starta her i 2003 og har vore meir eller mindre aktiv alle desse åra. Me er heldige som har ein diktlærar som Helge Torvund. Han har vore til stor hjelp for rettleiing og oppbakking både for meg og sikkert for dei fleste som deltek her på DK. Også mange av medpoetane har eg store og gode kjensler for. Eg oppfatter dei som rause personar, som gjev av seg sjølv for å stimulere andre. Eg trives på DK og vil nok halde fram med å delta her.

Oddbjørn ble «Månedens poet» med diktet «Om ho visste» i februar 2007. Han trodde ikke han skulle få oppleve å nå helt til topps igjen.

- Eg tenkte nok at dette var ei eingongshending. Eg må berre enno ein gong seie juryen stor takk. Dette gjev inspirasjon. Og at mitt dikt skulle likestillast med Takravn sitt flotte dikt, er heilt storveis. Så storveis at ein enkel mann frå skogane ikkje heilt skjøner det.

Juryens kommentar til «Postludium»
Eit dramatisk bilete formidla i eit roleg observerande språk som fører oss tett innpå den døde. Ordvala fører oss gong på gong over til uventa perspektivopnarar; frå gravlund og død til mobiltelefon og mogleg kommunkasjon med halve verda.

Der ein lett tenkjer at søtleg lukt minner om død, vert me brått lokka over i ei anna assosiasjonsfil av eit internasjonalt parfymemerke. Og der me nett har møtt lukta av blomar og skulle forventa oss ein blome i knappholet, møter eit absurd og originalt persilleblad oss. Ferskt og grønt, som eit signal om liv som er nappa av. Og oppå det heile ser den døde lykkeleg ut. Kvifor?

Ja, det er det opp til oss å fabla vidare om. Diktet fangar oss opp, dreg oss ned til jorda og det konkrete, og sender oss så avgarde att med mange moglege tankar og kjensler.

For juryen, Helge Torvund.

Juryens kommentar til «framme»
Også her vert eit menneske presentert for oss. Sitjande mellom store hus i nattemørkret. Ikkje kva mørker som helst, men presist skildra som bilmørkret. Eit ord som får meg til å kjenna lukter og materialiteten i bilsetetrekka. Det neste ordet som får teksten til å krypa skikkeleg inn under huda, er ordet prikkende. Eg har ofte gjenteke det rådet eg sjølv ein gong fekk, nemleg at dikta kan verta stillare utan ordet stillheten, men her er stilla prikkande, og det fungerer forsterkande og gjer denne stilla ubehageleg nær.

Personen i bilmørkret hugsar staden der han sit frå tidlegare opplevingar. Og korleis skildrar poeten Takravn dette; jau, vet at han pakker ut stiane han har gått og tydelegvis kjenner. Til slutt viklar han ut den siste linja i dette urbane landskapet, slik ein viklar ut ein ståltråd, tenkjer eg meg, ei linje frå bilen der han sit, eller frå ein annan bil, kanskje bilen til ein sentral person i personen sitt liv, og fram til ei metalltrapp. Dette kjølege og harde biletet på noko som ein kan stiga opp eller ned i. Diktet slutter med eit ord som både opnar og knyter diktet saman. Igjen står me som lesarar att som den som må dikta dette ferdig.

For juryen, Helge Torvund.

I juryen satt Kristian Rishøi, Niels Nagelhus Schia, Maria Børja og Birgitte Mandelid.

Kilde: www.dagbladet.no/kultur (se diktbasen)

Ingen kommentarer: