Sider

onsdag 1. oktober 2008

Første leksjon om diktinga og arbeidet til den amerikanske poeten Robert Bly (f. 1926)

Kven du enn er, ta ein kveld eit steg ut!

Når poetane er aleine og lykkelege er den Ekstatiske Mora med dei, seier Robert Bly ein stad. Det er naturleg å tenkja at Ho som går att i mange dikt i «Morgondikt», er denne Mora:

Det er som om nokon er her med meg, her i dette rommet
kor eg ligg. Øyra sin lengt etter lyd
har gjeve meg denne søte kjensla som eg forvekslar med Henne.

Gleda ved å vera aleine, eta orda sin honning.
Rommet med kvite veggar, og Stevens, og sola.
Dette er den gleda den sjela har som har teke vare på
seg sjølv trass i fluger og såpe og den muntre sola.

Ein er ikkje aleine når ein er aleine, dersom Ho
er her. Det er ei Ho som ingen elskar, ei Ho
som ein elskar når ein elskar det ein elskar.



Einsam ekstase
Går ein gjennom nokre diktsamlingar av Bly, vil ein finna mange fantastiske uttrykk for denne lykkelege ekstasen. Ofte spring han ut av heilt enkle situasjonar, som å sitja ved noko visna gras, eller gå ein tur i fjøra, eller bare ved å vera aleine eit par timar:

I dag var eg aleine nokre få timar, og sakte
mørkna vindaugo, og lét meg vera for meg sjølv, naken,
utan nokon far eller onkel,
født i ingen land ... eg var eit streif av lys
gjennom himmelen,
eit spor i snøen bak markmusa,
noko med
enkle behov, og eit
eller to ønskje, som ein låve som vert mørkare av regnet.


(«Alone a Few Hours», frå «Sleepers Joining Hands», 1973)

Det er ein sterk tråd i Bly sitt verk dette med einsemd og sansinga av vanlege ting, og det er kopla til ei nærast mystisk erfaring av å vera i kontakt med ei kraft utanfor ein sjølv, inni ein sjølv.

Det finst ei einsemd som svart søle!
Eg sit i mørkret og syng,
eg veit ikkje om denne gleda
kjem frå kroppen, eller sjela eller ein tredje plass.


(«Sitting Alone», frå «Jumping out of Bed», 1973)

Eg oppfattar dette som ei grunnoppleving som Bly reiser sine beste poetiske bygg på. Han har også skildra dette utgangspunktet på ulike måtar i sine essay. Mellom anna viser han til Rilke som er oppteken av det å nytta all den biletskapande kraft ein har, medan ein ser på eit tre. Å gje seg sjølv til eit tre på den måten er ei avgjerande handling, som gjev liv til heile verda.

Å heila såret etter Descartes?
Bly oppfattar dette som ein metode til å heila såret etter filosofen René Descartes, å skapa ei bru over det skiljet som menneska opplever mellom seg sjølve og naturen, og som for alvor skaut fart etter at Descartes i november 1619 hadde formulert eit filosofisk utgangspunkt for å sjå på mennesket som noko grunnleggjande annleis enn naturen. Det Bly her snakkar om, er å koma over og forbi den såkalla «modernistiske splittinga» og gjenoppretta ein posisjon der ein ikkje bare er i dialog med naturen, men står i eit forhold til tinga og skapningane rundt oss, som er prega av likeverd. I forordet til diktsamlinga «Purpurprakt-vindelen» skriv Bly:

«Det er eit gammalt ordtak som seier: Kvar den som ønskjer å trenge djupare inn i det usynlege, er nøydd til å trenge djupare inn i det synlege.»

Gjennom all taoistisk og «krumlinja» tenking går den tanken at våre ulykker kjem av å la ingenting få leva for seg sjølv, kjem av den lengt vi har etter å trekkje alt, til og med våre venner, inn i oss sjølve, utan å la noko få vera aleine. Når vi første gong sansar at eit furutre verkeleg ikkje treng oss - at det har eit moralsk og fysisk liv som er fullkome utan oss - kjenner vi oss skremde og nedtrykte. Andre gongen vi sansar det kjenner vi oss glade. I det herlege diktet til Basho heiter det:

purpurprakt-vindelen
noko anna
som aldri skal bli min venn.


Men då Robert Bly prenta ein del av desse tekstane om att i boka «What Have I Ever Lost By Dying» i 1992, skreiv han eit nytt lite forord, som han har kalla «Vonbrot og ønske»:

«Då eg sette saman dei første av desse dikta ... i ei samling kalla 'Purpurprakt-vindelen', vona eg at ein forfattar kunne skildra eit objekt eller eit dyr utan å gjera krav på det, utan å dukka det som eit negativ i eit framkallingsbad av eigne vonbrot og ønske. Eg trur ikkje lenger at det er mogleg.

Våre ønske og vonbrot eig så sterk ein svolt at dei dreg kvar størje og holt tre inn i seg. Eller det kan henda at våre ønske, våre aggresjonar og vårt sinne alt er inni størja før me kjem nær ho. I eit objektdikt eller tingdikt, nyttar me vanlegvis eit sparsamt biletspråk, slik at ikkje objektet skal oppløysast i menneskelege bilete; men eg har lært å godta også den fantasien som oppstår i slutten av diktet. Ein kunne seia at den komplekse sjela som våre bilete og språk flyt fram frå, er like mykje natur som eit riskorn eller ei furukongle.»

Inn i det store huset
Eit problem med den posisjonen Descartes understrekar, er at merksemda til menneske tenderer mot å verta retta mot sjølve persepsjonen, tenkinga og dei indre prosessane, meir enn det som vert persipert. Dette, tenkjer Bly seg, kan føra til at energien til menneska vert verande «inne i» mennesket.

Og bodskapen til Bly vert då at ein må «ut». Ut av vårt eige vesle hus, og inn i det store huset av samanhengar, oikos, som økologien er oppteken av.

«Kven du enn er: ta ein kveld eit steg
ut av huset ditt, som du kjenner så godt.
Eit enormt rom er nær, huset ditt ligg der det byrjar
same kven du er.»


Slik siterer Bly frå eit tidleg Rilkedikt. Ein teknikk for å oppnå dette, er å ikkje dekkja heile overflata av eit dikt med detaljar som er prega av diktaren sitt eige liv, men lata det vera rom mellom detaljane, slik at diktet vert transparent, slik at det finst opningar som ein kan sjå ut gjennom.

Eit anna problem med Descartes' utgangspunkt, «eg tenkjer, altså er eg» er at det førte til at ein såg «ut» på tinga i naturen, og kunne få den ideen om det ein såg der, at «dei tenkjer ikkje, altså er dei ikkje».

Nektar me slik for at det finst nokon form for medvit i naturen, endar me opp med bare ei verd, skriv Bly, og det er McDonald si verd, og den kan ein drive rovdrift på. Det positive i å ta opp denne problemstillinga i høve til poesien, ligg likevel ikkje i å koma fram til eit endeleg svar. Som Basho har skrive, er problemet med mesteparten av poesien at han verken er subjektiv eller objektiv. Men for Robert Bly har denne problemstillinga vorte eit fruktbart og overordna perspektiv som han nærast har kunna skriva si eiga litteraturhistorie ut frå. I boka «News of the Universe, Poems of Twofold Conciousness» (1980), viser Bly korleis dei ulike posisjonane i høve til naturen får uttrykk gjennom 150 dikt frå ulike epokar.

Det går eit skilje mellom ulike menneske sitt syn på medvit og forholdet til naturen, men dette har også sin parallell i korleis dei ser på tilhøvet mellom kropp og sinn, mellom medvit og det umedvitne. Bly har andre stader sett på poesien ut frå kor sentrert diktinga er på sinn eller kropp, på tenking og sansing. Dette er ein klar parallell til dei ulike medvitsposisjonane.

Ein kan til dømes sjå den akademisk orienterte poesien som fengsla av sinnet («mind-obsessed»). Bly skriv ein stad at sansinga vår, slik den skjer gjennom kroppen, ikkje kan uttrykkjast i substantiv i fleirtal, men nettopp substantiv i fleirtal er svært vanleg i delar av den moderne diktinga, og ser ut til å verta rekna som «poetisk». Men slik oppfattar me ikkje verda når me er til stades i kroppen vår. Me ser eitt lauv om gongen, ein lutheranar om gongen, ei ytterdør om gongen.

Konsentrasjon kring ting
Gjennom konsentrasjon kring tinga, kring den einskilde tingen, kjem Bly så fram til «objekt-diktet». Det som er i slekt med dikta til Francis Ponge, som Bly har omsett, og som har vore ein av inspiratorane bak prosadikta. Denne typen dikt meiner Bly er nyttige når me skal skildra kompliserte menneskelege sansingar. Samstundes ser han slik konsentrasjon som ein veg mot eit utvidande åndeleg perspektiv, slik me finn det i zen-poesien og i dikta til ein sufipoet som Rumi.

Og då er me attende hjå Rilke att. Det å ta imot livet til eit utanforståande objekt, det å gje seg over i eit syn, kan føra fram til ein einskap mellom mennesket og omverda, til ei anna verdsoppleving enn den splittinga, det gapet mellom menneskeleg medvit og resten av verda som Descartes vart eksponent for. I ein meir total poetisk røyndom kjem også det religiøse aspektet med. «Det var blant bregnene eg lærte om æva.»

Det vart naturleg at Bly først opponerte mot dei som gjekk føre han og rydda nye plassar for poesien å røra seg på, nemleg Ezra Pound og T.S. Eliot. Ezra Pound hadde med sin «imagisme» opna for nye område som poesien kunne utforska, men slik Bly oppfatta han og T.S. Eliot var desse framleis ikkje opne for å sleppe meir umedvitne impulsar inn i diktinga. Men dei var mektige figurar i amerikansk poesi og hadde overskygga totalt den poesien som Bly tok til å fatte spesiell interesse for.

Bly opplever nok at dei hadde rørt seg i rett retning, men dei hadde stoppa opp og halde fast ved ein for stor respekt for det akademiske og tenkinga. Dei vert for mykje av hovud-poetar etter Bly sin smak.

Det var merkeleg nok under sitt første opphald i Noreg at han vert merksam på den andre tradisjonen. Den som dei spanskspråklege poetane Neruda, Lorca, Vallejo og Machedo står for. Ein kan finna parallellar i andre språkområde også. På tysk er det Novalis, Hölderlin, Goethe, Rilke og Trakl som kan trekkjast fram. Og i fransk poesi sjølvsagt Rimbaud og Baudelaire.

I USA var denne typen nærast fråverande, og Bly kom til å sjå det som si oppgåve å introdusera denne diktinga i USA. Han skipa sitt eige tidsskrift, «The Fifties» (seinare «The Sixties» og så bort etter).

Deep image
Bly sin posisjon er likevel ikkje ei einsidig poengtering av det umedvitne, slik ein kan finna det hjå André Breton og dei klassiske franske surrealistane.

Bly legg vekt på samspelet mellom det rasjonelle og det irrasjonelle på ein annan måte. Poeten «spør det umedvitne, eller den skjulte mannen, eller den skjulte kvinna, eller den latente intelligensen, om å koma inn i diktet og bidra med eit par bilete som me kanskje ikkje forstår fullt ut».

Han er heller ikkje nøgd med Pound sitt «image». Dei djupe bileta (deep image) Bly søker skil seg frå Pound sitt bilete (image) ved at dei ikkje kan verta sett i den «verkelege» verda. «Kronblad på ei våt svart grein» kan ein sjå, medan eit uttrykk frå Bonnefoy som «ein indre sjø opplyst av ørner som snur» ikkje kan sjåast.

Deep image har vorte ståande som eitt av dei sentrale omgrepa hjå Bly. Men han er med rette redd for at uttrykket skal gje assosiasjonar i retning av ei slags geografisk lokalisering i psyken, slik omgrep om det psykiske har så lett for. Når han skal forklara uttrykket sjølv, nyttar han difor metaforar og bilete. «Lat oss tenkja oss eit dikt som om det var eit dyr. Når dyra spring, har dei ein fin, flytande rytme. Dei har og kroppar. Eit «image» er ganske enkelt ein kropp der psykisk energi kan røra seg fritt rundt. Psykisk energi har ikkje lett for å røra seg i eit uttrykk utan «image.»

Det er typisk for Bly at han ikkje byggjer noko teoretisk system eller utarbeider tekniske reglar og manifest. Boka han har skrive om omsetjing, byrjar såleis karakteristisk: «I dette essayet vil eg ikkje handsama teorien om omsetjing, men eg vil prøva å svara på spørsmålet: Korleis er det å setja om eit dikt?»

Han dreg likevel vekslar på teoriane til Jung og Freud og har vorte kritisert for å skriva ut frå sin eigen heimelaga religion, ein modell som kan vera vanskeleg å svelgje for andre. Til ei viss grad er slik kritikk prega av å koma frå teoretisk orienterte kjelder som ikkje får seg til å tru på at det umedvitne lèt seg påverka av noko så medvite som språket i eit dikt. Ut frå eit krav om teoretisk klare definisjonar og eit logisk haldbart tankesystem, vil Bly sine utsegner ikkje halda mål. Men Bly er og blir poet. Også når han skriv essay, og godtek ikkje andre krav enn dei stoffet stiller.

Poesi med sprang
Skal ein likevel prøva å seia noko om kva som er særeige for denne deep-image-poesien, kjem ein ikkje utanom det Bly kallar «psykiske sprang» («psychic leaps»). Dette vert i essayet «Leaping Poetry» omtala som ei rørsle frå dei kjende delane av psyken inn i dei ukjende og tilbake til dei kjende.

Ein kan seia at «deep image» er prega av at det foregår raske assosiasjonssprang over store avstandar. Rørslene i desse spranga vert det ikkje gjort greie for, men ein presenterer eit utgangsbilete og eit resultatbilete. Den usynlege rørsla frå det eine til det andre, er noko som utløyser energi; og den avstanden som spranget går over, gjev linjene ei botnlaus kjensle. Dette aukar spenninga ved dikta.

Rørsla og spranga i dikta til Bly vert altså noko av det som han nyttar for å famna store delar av vår livskjensle. Ofte kan eit dikt byrja med eit bilete av eit landskap og gje sansane våre mat, så vender det seg innover, gjerne med ei endring i røysta, og ftrar våre assosiasjonar og tankar.

Bråe sprang opnar for rom der diktet vert gjennomsiktig slik at ein ser ut i eit større rom, og i desse rørslene kan det umedvitne verta aktivisert for å fylla ut avstanden mellom bileta.

Bly kan på denne måten setja i sving mange delar av lesaren og opne opp for raske assosiasjonar som knyter ulike delar av livet saman. Ein litt distansert tone i røysta når ein snakkar om intime ting, kan føra saman refleksjon og kjensle. Eit plutseleg sprang frå ein trestubbe til store åndeleg orienterte bilete, eller mot ei ekstatisk lykke, får oss til å kopla kropp og sjel på ein overraskande og uventa måte.

Kilde:
Leksjonane om Robert Bly er ein lett endra versjon av etterordet i boka «Morgondikt» som kom ut på Samlaget i 1999, og er skrevet av Helge Torvund. Torvund har gjendiktet Bly til norsk.

Ingen kommentarer: